tirsdag 19. januar 2010

Vermeldinga i Dagbladet



Eg skulle skrive om språk, slektsforskning og sånn. Dette er og sånn.
Det er om kommunikasjon, om språklig kommunikasjon. Og det kan vere så forskjellig. Det kan vere muntlig, det kan vere skriftlig, og det kan vere visuelt.

Når det gjelder vermelding er eg ikkje i tvil om kva som er best. Den muntlige vermeldinga på radio i gamle dagar fekk eg aldri med meg. "Dalstroka innafor" for forbi meg utan at eg klarte å spissa øyrene i tide. Tekst-vermelding i aviser er forsåvidt greie nok, men eg "leser" det enda kjappere når det er bilder. Best er det på TV, der du kan få med bevegelsen til lågtrykkane i tillegg. Dei første magnettavlene fungerte fint. Det eineste problemet var at vermannen måtte snu seg mot tavla, og fekk ryggen til kamera. Som lærer veit eg at det er risikabelt å bli opptatt av tavla og ha ryggen til publikum. Med dei nye værkartene unngår dei det. Eg blir likevel distrahert av måten dei behandlar Finnmark. Dei ser åndsfraværande rett fram (ut av vinduet?) mens dei løfter høgrehanda på skrå oppover. Det er jo uhøflig mot fylket Finnmark, å omtale det, og peike på det, men så demonstrativt unngå å sjå på det.

Aller best er det på internett. Der kan du studere tekst, bilder og animasjoner for utallige steder i verden, for den neste timen eller for 10 dagar fram. Og dei utviklar stadig nye presentasjoner.



Her tidlig i haust oppdaga eg at vindpilane på Yr og Dagbladets verkart peika motsatt veg. Det var på Dagbladets kart at piler for vestavind peika mot vest. Nederst på sida fant eg ein e-postadresse, og sende tekstmelding til redaksjonen om min oppdagelse. Det gjekk noen dagar, og så begynte pilane å snu riktig vei. Eg veit ikkje om e-posten min hadde noen betydning. Eg fekk ingen svar på den.

Nå har eg ei ny feilmelding til Dagbladet. Men den får dei lese sjøl på bloggen min. Eg ser på vermeldinga for Korshavn. Det er et felt som viser Steder i nærheten. Eg klikka på et sted, og fekk et varsel om -25°C og Lufttrykk: 1053 hPa. Det kan umulig vere i nærheten av Korshavn, sånn ver har vi aldri her.


Når eg sjekka veret for hytta vår, på Skeie i Eiken, var det meir kjente navn på Steder i nærheten. Der var nemlig navn på alle myrene, haugane og bakkane i ein kilometers omkrets fra hytta. Så da kan eg trygt planlegge kva for ein retning eg bør ta spaserturen for å få best ver. Bør eg gå sørover til Slurpestøl, austover til Nasåsen, eller kanskje heller nordover til Evjebekken. Men eg vil bruke disse detaljerte opplysningane bare til å bestemme ettermiddagens spasertur. Kva for ein retning eg skal velge om 10 dagar til, ventar eg med å bestemme til dagen kjem. Eg stolar ikkje så mye på langtidsvarselet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar