mandag 25. januar 2010
Ei gammel dør forteller
Lørdag var eg på visning på et småbruk til salgs. Skjekkeland er naboeigendom til hytta vår, og til huset der eg vokste opp. Dei siste som budde der var Gunleif (1876-ca1970) og Anna (1885-ca1970). Eg besøkte dei ofte då eg var liten, og det var moro å komme inn i huset igjen og kikke.
Gunnar Skeie, dattersønn til Gunleif, har vore eigar dei siste åra. Men han budde i Canada, og var der sjeldan. Nå er eigar ei datter av Gunnar. Ho har aldri vore i Norge, og vil bare selge det.
Gamle Gunleif huskar eg best fra snekkerbua, der han satt og jobba, - eller kvilte. Han laga tresko, ljåar og alt mulig av tre. Anna var giktbroten, men ellers ganske kvikk. Gunleif var tunghørt. Så når Anna var ute på trammen for å rope Gunleif ned til middag, måtte ho remje fryktelig høgt.
Gunleif var sprek. Eg husker han eingong var ute på isen på skeiser. Han måtte då vere over 80. Han gjekk på heimelaga skeiser.
Stua var godt bevart. Dørene til stua var dekormalt. Ei hadde innskrifta GPSS 1901 (Gunleif Pauls sønn Skeie), og den andre hadde GODS 1901 (Guri Ols datter Skeie). Guri var den første kona til Gunleif.
Dei var i Skjekkeland i FT-1900
Døra til kammerset var meir interessant. Eg husker eg var der inne, og såg på når Anna separerte melka. Men eg hadde aldri lagt merke til den fine gamle døra. Den hadde tre speiler med innskrift. Nå vakna interessen til slektsforskeren. Eg fotograferte døra, og da eg kom heim, slo eg straks opp i Digitalarkivet.
Den øverste var nok av han som malte døra: STSS 1847, Simon Torbjørns sønn Skeie.
Og så kom:
Torbjørn Simons sønn Skeie, født 20 oktober 1840 Eiken kirkebok Det ser ut som presten var usikker på opplysninga om fødselsdato -
Nederst var denne:
Ole Simons sønn Skeie Eiken Kirkebok 1844 I kirkeboka står det at han var født 19 august, mens på døra står det 20 juli. Eg vil gjette at kirkeboka er feil - Ole Simonson var far til Guri, kona til Gunleif.
Familien finner vi på Skeie søndre i FT-1865 Torbjørn har eige gardsbruk i FT-1865 Han hadde ein losjerande, Paul Gundersen. Denne Paul Gundersen var sønn av Guri Paulsdatter i første ekteskap med Gunder Olsen Rossevatn. Han var var halvbror til Torbjørn og Ole, og blei far til Gunleiv. Gunleiv var altså (halv)søskenbarn med Guri.
Ei sånn dør må tas vare på, enten av dei som kjøper huset, av familien, eller av et museum.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar