Alle fornavn har ein historie
Har du spurt foreldrene dine korfor navnet ditt blei valgt? Oppkalling? Fant det i navneboka? Likte betydninga? Likte lyden av det? Navnet til ein kjendis, eller barnet til ein kjendis?
Her er historien til mitt navn:
Eg blei født på Otnes i Valsøyfjord, Møre og Romsdal. Far min var dyrlege der. Eg skulle vore oppkalt etter både farfar Hans Hansen og morfar Søren Gundersen. Men så hadde det seg slik at fleire smågutter på Otnes hadde fått navnet Hans. Og mor mi syntes det var upraktisk med mange like navn, så da blei det Harald Søren.
Farfar Hans (1882-1981) var nest eldst av sønnene og blei oppkalla etter morfaren, Hans Jensen Berge (1789-1878). Hans Jensen hadde ein eldre halvbror som var oppkalla etter farfaren, og som eldste sønn i andre ekteskap blei han oppkalla etter morfaren, skomager Hans Johannesen Holm (1721-1758), fra Tyholmen i Arendal. Han var igjen oppkalla etter sin farfar, Hans Tyholm, gift med Karen Ellefsdatter (1643-1713). Og derifra veit eg ikkje meir -
Søren Gundersen (1864-1943), Horsens, Danmark, var eldste sønn, og var oppkalla etter sin farfar, Søren Jensen Ørritslev (1803- ). Søren Jensen hadde ein yngre bror Gunder (1805-1806) oppkalt etter farfaren, mens han som eldste sønn var oppkalt etter morfaren Søren Andersen Ørritslev (1737-1815). Kanskje var det morfaren dei arva garden fra, og derfor oppkalling først. Derifra veit eg ikkje meir -
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar