Eg er lærer for andre klasse i grunnskolen. Og i dag hadde vi lignelsen om den barmhjertige samaritan. Det språklige problemet med fortellinga er å få fram skepsisen, dei negative forventningane til ein samaritan. For tilhørarane til Jesus var samaritanane et svikefullt folk, dei hadde blanda seg med fienden.
For oss som har hørt fortellinga fleire ganger, er ordet samaritan blitt bare positivt. Eg har hørt om barneforeningar som kaller seg "Den lille samaritan". Dei tenker seg nok som små sanitetsfolk, klare til å hjelpe. Når samaritanen har positive forventningar fra start av, mister fortellinga poenget sitt.
Ville poenget komme fram igjen dersom eg bytta samaritanen ut med ein narkoman, eller ein quisling?
Så er det presten og levitten. Ein levitt er et ukjent ord. Det er nok meir forståelig å kalle dei presten og emisæren, eller presten og advokaten?
Noen elever kjente litt til fortellinga. Men det viste seg at dei hadde ingen formeining om ein samaritan, verken positive eller negative. Så da ville nok fortellinga fungere noenlunde på dette klassetrinnet. Eg valgte å fortelle at den tredje mannen som kom forbi var ein utlending. Denne utlendingen tok seg tid til å hjelpe stakkaren. Og mennene som bare hadde gått forbi var ein prest - og ein lærar.
Elevane lagte fine tegninger til. Det blei mye blod på den skamslegne mannen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar