onsdag 31. mars 2010

Om hermer og risper - og om Ola Garson

Eg voks opp på Skeie i Eiken. Folk der var gode til å fortelle. Dei fortalde hermer og risper.
Ei god herme var sann. Det vil sei at ho skulle kunne vere sann, ho fortalte noe ein navngitt person hadde sagt, og som var karakteristisk for personen eller situasjonen han var i.
Ei rispe var ei historie, kanskje sann, men i alle fall god.

Først vil eg fortelle ei herme fra nabokona vår, Anna i Skjekkeland. Anna var nyfiken, og visste alltid siste nytt om folk i bygda. Ho var giktbroten, og kom seg sjeldan ut av huset. Men ho visste å å spørre ut dei folka som kom på besøk, så ho fekk greie på det ho ville. Ho fortalte til mor mi at ho ein dag fekk besøk av Jon Anker. Han var bare ein gutunge da. Og han svarte villig vekk, gav svar på alt ho spurde om. Mot slutten blei ho reint forstøkt, og spurde om det var sant alt det han fortalte. "Ja," svara han, "Noke e, og noke e'kkje."

Så om Ola Garson.
Han var født 3.3.1880 som Ole, son til Gahr Olsen Skjeie. Han blei konfirmert 1893 som Ole Garsen Skeie. Han skreiv seg som Ole G. Skeie, og han blei kalla Ola Garson.
Ola blir uttalt med åpen o-lyd, omlag "åola".  Og skal ein herme Ola sjøl, må ein legge på ein god nasal stemme.

I FT-1900 var han som så mange andre fra Eiken på "Austlandet" på arbeid. Han var i Tveit, på Boen sagbruk.
For å finne et bilde av Ola fant eg fram boka om Pål Eiken "Utan svik". Der er det mye interessant historikk om det politiske livet i Eiken i mellomkrigstida. Ola Garson var ein av lederane i Arbeiderpartiet, og var med i herredstyret. Eg veit svært lite om han i denne tida.

Huset han kom fra, er i dag borte. Det var ett av dei store tohøgda husa på Skeie, heilt inntil veien. Det har gitt tomt til Sørlandets rehabiliteringssenter og Eiken bu- og omsorgsenter.

Imma
Ola var 53 år da han fridde til Imma (Ingeborg) som var 37. Ola hadde ofte vore fæl til å drikke og ture, så Imma gav han et valg, - enten ho eller brennevinet. Ola valgte Imma, og han holdt løftet sitt.

Gikta
Ola brukte likevel sprit til medisinsk bruk. Han hadde fått et råd om at å smøre heile kroppen inn med sprit virka forebyggande mot gikt. Dette prøvde han. Han smurde kroppen grundig inn. Men han hadde akkurat litt for lite, - og derfor sette gikta seg i storetåa.

Salmer av Brorson
På sine eldre dagar var han ein trufast kirkegjenger. Han likte spesielt godt salmer av H.A. Brorson.  Når det var ei salme under gudtjenesten av Brorson, noterte Ola Garson dette bak i salmeboka si.

Ola hadde vore selger av takskifer
Vi flytta til Eiken i 1954. Eg minnes vi dei første åra pleide å bli invitert på juleselskap til Ola og Imma. Imma prøvde som vertinner skulle på den tida, å overtale dei beskjedne gjestane til å ta rikelig til seg av julematen. Men ho var ikkje fornøyd. "Nå må du nøya, Ola, du e så go'e, du som he vore agent!"

Lik i huset
Imma var 16 år yngre enn Ola, men ho døde før han.  Før begravelsen blei han spurd om han turde sove i huset, mens liket ennå låg der. Han var i tvil, så han sa til hushjelpa:  "Eg tru du Olga må liggja her den fyste notta. Og viss ikkje du naua noke, så kan eg liggja her."

Vask
Olga var flink hushjelp for den gamle enkemannen. Men ein dag kom han og klaga: "Du må vaska bere, for det lukta så ringt!" Og Olga vaska heile huset igjen, så godt ho kunne. Men det hjalp ikkje. Ola var ikkje fornøyd. Då fant Olga ut av det. Ho vaska barten hans, og da blei det reint i huset.

Støvlane som krympa
Som gammal enkemann kom han også ein dag over til butikken og klaga. Søster mi Bodil jobba der som hjelper, og det var til henne han kom. "Eg må ha nye gommistivla. Dessen her e blitt for små!" Men Bodil meinte at det kunne ikkje stemme, gummistøver skulle ikkje krympe. Han måtte ta dei på for å vise. Då såg ho problemet. Neglane hadde grodd, først fram og så langt at dei krulla seg ned og tilbake og trykka mot tærne. Bodil klyppa neglane, og da passa støvlane igjen. Ola var storvegs fornøyd.

Vanskelig betaling
Jon Telhaug på Skeie var ein av eigarane av Eikås sagbruk. Han fekk ein gong ordna slik at ein lastebil sette av et lass med hunved hos Ola. "Det e bare noke haunved", sa Jon. "Du ska få det." Men etter ei stund kom Ola bort til Jon og ville betale for veden. Nei, Jon ville ikkje ha noe for veden, den var gratis. Ola kom enda ei gong og ville betale, men samme svar. Så kom Ola ei gong til, og denne gonga var han alvorlig: "Fer eg ikkje reikning nå, så må eg setta advokat på deg!".

søndag 28. mars 2010

Barnearbeidere

Boycott Aust-Agder!
- fordi dei har ein velstand som er bygd på grov utnyttelse av barnearbeidere fra Vest-Agder.

Slik er det idag vi reagerer på bruk av barnearbeidere. Men nå var det 100 år sidan det skjedde her i fylket. Så vi får tilgi austlendingane (fra Aust-Agder).

Eg hørte fortellingane om barnevandring da eg var liten. Min gamle nabo Gunleif Pålsen i Skjekkeland, født 1876,  var hjuring som gutunge. Eg er ikkje sikker på om han var med "til Austlandet" som barn. Han gjette i alle fall på heia heime. Det var lange dagar for ein gutunge, aleine på heia med krøtteret. Som vaksen reiste han til "Austlandet" for å arbeide på Boen bruk. Her er han i FT-1900.

Barnearbeid er politisk tema idag. Og da er det interessant å få dokumentert vår eigen historie omkring temaet. Derfor er familiefilmen Yohan viktig.

Asbjørn Karlsen har ei fin side med dokumentasjon om si farmor Trine fra Gjemlestad i Kvinesdal som var barnevandrer.

I Konsmo har dei laga minnesmerke, og merka noen av stiane som blei brukt. Her info fra Mandal friluftsråd.
Den viktigaste lokale drivkrafta for informasjonsarbeidet har nok vore Thyra Ågedal.
Barnevandringa har også fått eigen blogg.

mandag 22. mars 2010

Aldersforskjeller

(bildet er klippa fra internett, det er ganske sikkert minipulert)

På Brukarforum i Digitalarkivet i går var eg innom debatt 76992. Der kom det fram et ekteskap med god aldersforskjell, på Birkeland i Feda, FT-1801. Ole Øyusen (22) fra Nuland i Feda gifta seg 10. oktober 1800 med enka Kirsten Korsmusdatter (57) på Birkeland. Ho kunne ha vore bestemor hans. Ekteskapet varer til 1821, da Kirsten dør, 77 år gammel.

På Birkeland i FT-1801 har Ole Øyusen naboene Anders og Tonetta. Dei får i 1802 dattera Guri. Ho blir i 1826 den tredje kona til Ole Øyusen. Ho er 58 år yngre enn den første kona!

Eg har et liknande eksempel fra Hægebostad. Den 8. oktober 1849 blei 22 år gamle Torkild Olsen Bakken gift med den 66 år gamle enka Siri Taraldsdatter. I neste ekteskap, 8 februar 1857, gifta Torkild seg med ei jente som var 10 år eldre. I det tredje ekteskapet valgte han ei som var 4 år yngre, FT-1865. "Det var enka Siri han var mest glad i!" (Hægebostad bygdebok, side 267).

Det har vore noen debatter i Brukarforum som har tatt fram aldersforskjeller mellom slektninger, debatt 3462

Slekt.no har også ei side med slektsrekorder.  Eg trur eg tenkte på Torkid Olsen Bakken da eg skreiv mitt innlegg der. Eg må ha gjort ein regnefeil - .

T-oldefar Bernt Hansen, født 1790, finn vi  i Mandal i FT-1865.  Da er yngstedattera Bernhardine 5 år.

Kona mi sin ttt-oldefar, Tor Andersen Dahl, finner vi i Kristiansand FT-1801, bokført som 75 år.  Han hadde 18 barn. Det siste, Anne Marthee, blei født 17. september 1806. Han har nok gitt seg et alderstillegg i folketellinga. Eg har ikkje funne dåpen hans, men LDS IGI vil ha det til at han var født på Robstad i Hægeland i 1737. Uansett, sprek kar må han ha vore.

torsdag 18. mars 2010

Ut for å tjene - som åtteåring

Folketellingane er bare navn og tall. Men av og til kan dei gi innblikk i livssituasjonen for folka det gjaldt.

Farmor til kona mi heitte Lise, og var født 1892 på Støle, ein liten heiegard mellom Spangereid og vestheia i Sør-Audnedal. Faren var Eivind Gundersen (1856-1898). Han han blei sjuk mens han var ute som sjømann, og døde da Lise var fem år gammel. Mora Guline satt igjen som enke med fem små barn på ein bitte liten heiegard. Vi finner dei på Støle i FT-1900.

Lise fortalte at da ho var åtte år, måtte ho ut for å tjene. Ho kom til garden Gjeideland i Valle sogn (Sør-Audnedal). Blant anna fekk ho ansvaret for å passe et spedbarn, når det skreik om natta. Men så fekk mor Guline greie på at Lise fekk dårligare kost enn dei andre barna på garden, og da tok Guline Lise heim igjen. Lise fortalte også at mora hadde ei lita inntekt med å gi omsorg for ei gammel kone som var under fattigvesenet. I FT-1900 for Gjeideland ser vi at Lise er kalt pleiebarn. Vi ser også at det er et spedbarn i huset, så Lises fortelling stemmer bra

Det var et hardt strev på den lille heiegarden. Lise fortalte at dei bar ull og leverte til spinning. Dei gjekk over heia til Tarvannet, rodde inn vannet, og gjekk videre til fots over Vigeland til Sjøllingstad Ullvarefabrikk. Matforsyning kunne dei få opp til Støle fra Lenefjorden. Da bar dei 50-kilos sekker bakkane opp Molandslia. Der er det bratt!

Lise budde heime til ho var konfirmert. Da fekk ho seg huspost i Mandal, og etter et år eller to reiste ho så til USA. Ho fekk huspost der, og fekk ansvar for å ta imot folk ved døra, og ta telefonen - på engelsk.
Ho gjekk i den norske kirka der borte og traff Gabriel Olsen Engedal fra Halse sogn. Dei gifta seg og reiste heim til Norge. Her er Lise på brudebildet fra 1912:

Mora Guline flytta seinare etter til Hogganvik i Halse og levde sine siste år der. Ho blei blind, og dei forteller at ho hdde ein streng fra huset til utedoen som hjelp for å finne fram. Eg har ikkje bilde av henne, eller av mannen Eivind. Så viss noen veit om bilder, er eg glad for å få tips om det.

Vi har stokken til Guline som minne. Den er skvetta på litt kvitmaling, sikkert for å vise at det er ein blindestokk. Guline måtte vere liten av vekst, for stokken er bare 66 cm.

onsdag 17. mars 2010

Brevet fra Lorents Angell

Sommeren 2000 var eg på arkivet i Kristiansand, og hadde fått tatt kopi av ei side i kirkeboka for Valle i Setesdal, 1793, med signaturen av min ttt-oldefar Lorents Angell Holst:


Om hausten skreiv eg ein epistel i "Glimt fra Lindesnes" om dette. Og så, utpå vinteren, fikk eg denne overraskelsen i posten:


Et hyggelig brev fra ein Simonsen, f. 1922. Han blir ein firmenning til far min.
Han var blitt informert av ei svigerinne om min artikkel, og hadde informasjon å bidra med om Raudeberg-ætta. Det bygger på gamle dokumenter som viser ættelinjer tilbake til 1400-tallet for Rødberg i Lindesnes.
Eg blei nesten andektig da eg leste signaturen hans:

søndag 14. mars 2010

Prestenkene på Snig - og dei militære

Eg fant mi tt-oldemor Magnete Angelsdatter Holst (20) på Snig i Lindesnes i FT-1801. Mora Petronella Dorthea Maria Holst (43) og mormora Magnethe Petersen (70) var begge prestenker. Eg fant ut at farfaren døde som prest i Tveit i 1778, og faren døde som prest i Valle i Setesdal i 1793. Eg stilte meg spørsmålet: Korfor slo desse prestenkene seg ned på Snig?


Magnete blei i 1805 gift med Peder Simonsen fra Rødberg. Han var (27) i FT-1801 og var da skipseier og skipper. Her er kirkeboka ved vielsen i 1805:
Ein av fadderane var Capitain von Petersen fra Nordre Walle. Bruken av "von" føre etternavnet var litt snobberi som offiserer hadde lov til. Han er Primier Lieutnant Fridrerich Petersen (40) i FT-1801.

Ifølge Olai Ovenstads militærbiografier II blei Friderich i 1791 gift med Marta Magdalena Buchholm. Eg har ikkje funne denne vielsen, eller kor ho kom ifra. Men Marta er nok fadder frue Petersen ved ein dåp på Fasseland i april 1793. Friderich Petersen var født 1761 i Tveit, og var bror til Petronella Dorthea Maria Holst. Ho blei enke i Valle i Setesdal i juli 1793.

Så det var nok offiseren Frederich Petersen som først kom til Nordre Valle, og så kort etter kom søstera og mor hans som begge var blitt enker og leigde hus på Snig.

Mormor Magnete Petersen hadde ein far som var militær, og ei mor som var av familien Kraft. Ein nevø av Magnete var kjøpmann Even Jensen Gulsrud Kraft fra Ringebu. Han var (55) i Kristiansand i FT-1801. Hos han var losjerende Peter Johan Holst (21), den eldste sønnen til Peteronella Dorthea Marie.
Evens sønn Jens Edvard Kraft (1784-1853) blei sorenskriver i Mandal, og var også litteraturhistoriker, statistiker og redaktør. Han har skrive "Topografisk-statistisk beskrivelse over Kongeriget Norge", 6 bind.

onsdag 10. mars 2010

Ein time i Drammen er bedre enn -


Sommeren 2000 hadde eg funne ut at min ttt-oldefar Lorents Angel Holst var født i Drammen 1751, og var sønn av Peter Johan Holst og Maren Wiell. Eg var nokså fersk som slektsforsker, og prøvde meg fram med DIS-treff, Familysearch og i Digitalarkivet. Men eg fant ikkje fram til meir om dette foreldreparet.

Ut på hausten var eg med jobben på ekskursjon til Frydenhaug skole i Drammen. Vi var på et hotell, og i pausen midt på dagen satt eg og bladde i ein turistbrosjyre. Plutselig la eg merke til et stedsnavn, - Mads Wiels plass, oppkalt etter ein av byens rikaste forretningsmenn på 1700-tallet. Aha, detektiven i meg blei vekt. Eg for på dør og fant fram til Drammen bibliotek. Der fant eg etter få minutter det eg hadde et håp om, ei slektsbok: "Slægten Wiel på Strømsø og Fredrikshald" av H. Krog Steffens, utgitt Oslo 1903. Eg leste og leste, og noterte så raskt eg kunne. Så leverte boka i skranken og skunda meg tilbake til mine kollegaer. Alt i løpet av ein time i Drammen!

Da eg kom heim og kom på internett igjen fant eg fram til meir informasjon. Eg brukte stavemåten Wiel i søkinga. Eg fant blant anna Per Nermos database.
Store Norske Leksikon hadde også informasjon om trelasthandler Mads Jensen Wiel (1643-1716). Og fogd Iver Wiel var nevnt i Wikipedia.
I slektsboka var Mads Jensen Wiel positivt omtalt. På den tida var det ei viktig inntektskilde for kongen i Kjøbenhavn å selge titler som kanelliråd, konsul, etc., titler som kunne vere fine å ha i selskapslivet. Mads Jensen hadde ikkje kjøpt slike titler. Han nøyde seg med å vere forretningsmann.


Slik ser det ut på Mads Wiels plass i dag. Bildet er fra bloggen Jutul-heimen.

onsdag 3. mars 2010

Slekt - matematikk - og Harald Hårfagre

Kva betyr det å høre til ei slekt?

Vi har hørt om Israels 12 stammer. I Skottland er det ei oppdeling i klaner.

Kan ein bruke slekt som begrep for noe som vedvarer over tid, fra generasjon til generasjon? Kan disse furustammene vere et bilde på slekter som lever side om side, som Israels 12 stammer?

Det passer ikkje med min bruk av ordet slekt. For meg er slekt noe som forgreiner seg. Eg har to foreldre, 4 besteforeldre, 8 oldeforeldre, 16 t-oldeforeldre. Kvar av disse t-oldeforeldrene har 16 t-oldeforedre, da er vi kommen opp i 256 ttttt-oldeforeldre født omkring 1750-1800. Med samme forgreining videre vil vi få 1.048.576 av 17t-oldeforeldre sånn omtrent på 14-15-hundretallet. Og så blir det 1.099.511.627.776 stykker av 37t-oldeforeldre sånn omtrent år 800-900.

Så for meg er bildet av ei slekt et tre med uttallige forgreininger.
Nå fantes det ikkje 1000 milliarder mennesker på Harald Hårfagres si tid. Tallet på forfedre blir mindre på grunn av inngifte. Mine oldeforeldre Tønnes Skagestad og Else Mønnesland var søskenbarn, så mi farmor Kristine hadde derfor bare 6 oldeforeldre i stedet for 8. Etter mange generasjoner er nesten alle i slekt og det blir mye inngifte. Derfor blir antallet forfedre redusert. Men, - antallet anelinjer følger matematikken. Vi har faktisk 1000 milliarder anelinjer når vi går 40 generasjonar bakover. Ein del av mine anelinjene tipper eg går til Harald Hårfagre. Eg reknar meg som arving til Harald Hårfagre. Mitt bevis er det sannsynlige matematisk. :-)

Når det gjelder etterslekt så forgreiner den seg mye livligare enn anetavla. Den kinesisk ettbarnspolitikken vil gi enkle slekter, ett medlem pr generasjon. Det er unntaket.
Harald Hårfagre følgte ikkje kinesisk politikk. Eg har sett historiske oversikter som gir han 23 barn med 7 ulike kvinner. Nå var det politisk fordel å ha ein konge som oldefar, så det er jo svært sannsynlig at både den eine og den andre dikta litt når dei skulle legge fram slektstavla si. Dei hadde ikkje gen-testar, så det var fritt for å prøve seg. La oss sei at 15 av barna var hans, og at dei neste generasjonane var like produktive. Da ville han ha 225 barnebarn, og 50.625 t-oldebarn, - og 170.859.375 tttt-oldebarn (170 millioner). Noen var mindre produktive, og så blei det inngifte, slik at heller ikkje etterslekta sprenger jordas befolkning. Men sikkert er det at Harald Hårfagres etterslekt spreier seg som greinene på eiketreet. Vi er mange.