søndag 1. januar 2012

Godt nytt år!

Heiter det "godt nyttår" eller "godt nytt år"?
Eg meiner både og. Eg seier "godt nyttår!" til dei eg møter i dag. Men i ei overskrift, som kan bli lest med trykk på alle tre ord, så kan den delte skrivemåten gi rom for litt meir ettertanke -

Mitt nyttårsforsett: å skrive blogg i 2012! (det blir i alle fall ein i dag)

Nyttårstalen
Jens Stoltenberg har kanskje lest bloggen min fra nyttår 2010. Han har i alle fall skjønt det. I fjor trur eg han alltid uttalte årstallet "totusenogtolv".  Nå sa han "tjuetolv"!


Året 2011
Det var fleire ting som gjorde meg stolt av å vere nordmann i 2011:


1. Først og fremt vår reaksjon på terroren 22. juli. Våre politikere viste flotte holdninger og lederegenskaper i dei første kaotiske timane, og folket følgte opp: rosetoget og blomsterhavet var ei fantastisk markering.

2. Det var moro at verdens lengste og langsomste TV-sending blei populær. Fem dagar med direkte sending fra hurtigruta Bergen-Kirkenes fekk store seertall på NRK2. Korfor? Kanskje fordi det var ein etterlengta kontrast til kjapp-kjapp-TV. Landskapet er flott, det veit vi jo, det vakre kystlandskapet (som vi får vi sett så lite av når ein kjører bilvegen, gjennom tunnellar og tett skog). Og så hadde TV-sendinga sånn ein behagelig puls, med glidande bildeføring og rytmen fra bølgene.

3. Det var førnøyelig at boka "Hel ved" blei ein bestselger før jul.
Eg fekk to eksemplarer, og dei vil eg ikkje bytte! Boka er god! Den er godt skreven, den er faglig saklig, den har humor og er fin visuelt. Ved er ein god konkret håndterlig ting.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar