- og om internett som veit alt
August 2011
Det begynte med fukt i kjellaren. Eg oppdaga et hol i nedløpsrøyret fra takrenna, - alt vannet rant ut og inn til muren. Røyret som skulle lede vannet vekk var tett, - ein eller annan plass nede i plenen.
Eg ville finna kor røyret gikk, utan å grave opp heile plenen. Så eg fant meg et lite metallrøyr, laga et håndtak, og begynte å lokalisere røyret med å stikke ned i torva.
Da skjedde det, - plutselig krelte det 5-10 meitemakkar omkring føttene mine. Eg kikka rundt på plenen, der var ingen makk ellers å sjå, bare på den kvadratmeteren eg sto. Det var nesten ekkelt å stå der.
Vel, eg fotsatte, og det fortsatte å komme opp makk. Eg prøvde å flytte meg fleire meter, og det same skjedde. Når eg stakk i jorda, spratt makk opp av jorda omkring beina mine. Eg skjønte ikkje korfor.
Eg fekk gjort jobben min. Eg fant kor røyret gikk, fant proppen, staka og spylte fra begge ender og fekk etter mye strev opna opp. Røyret måtte forlengast litt, og så kunne plenen ordnast. Nedløpsrøyret på veggen blei bytta, - og da var alt i orden. Regnvannet gikk der det skulle.
Men eg funderte på det eg hadde observert. Da brukte eg mitt nye leksikon: Google.
Eg brukte søkeorda: "meitemakk lyd", og straks dukka det opp ein interessant artikkel fra kunnskapsdepartementet: Fra meitemark til Markens grøde
Når eg da søkte videre på engelsk, fant eg mye stoff. Det var egne ord for fenomenet: grunting.
Det var folk som hadde aktiviteten som yrke, og det hadde egne festivaler
Ein dag seinare prøvde eg å gjenta operasjonen, og filma med fotoapparatet. Makkane var ikkje så livlige nå, kanskje fordi det var blitt kaldare. Men ein filmsnutt blei det da: Grunting
Det er bedre filmsnutter på You Tube som viser profesjonelle gruntere.
Men tilbake til forklaringa på fenomenet.
Charles Darwin meinte at det var for å unnsleppe muldvarp at makkane flykta til overflata. Men - her er det jo ikkje muldvarp! Og eg veit ikkje om det nokon gong har vore -. Da kan vel ikkje makkane ha det å skylde på.
Eg trur at makkane har god hørsel, og skrapelyden i jorda lagar ulyd som blir altfor sterk for trommehinna til makken. (Eg har høreapparat, så eg veit kva plagsom ulyd er) Så da flykter makken opp i friluft der lyden ikkje blir så plagsom. Trur nå eg.
God appetitt!
Eg har plassert bloggen min i Korshamn på norske bloggkart!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar