tirsdag 16. februar 2010

Reisebrev - med advarsel til slektsgranskere

  
På storby-ferie  I anledning av ein 60-årsdag var vi i Oslo denne helga. Vi reiste med tog. Det var avslappande. I Oslo spaserte vi og brukte trikk. Eg kunne i det heile bare slappe av og nyte opplevelsen av å vere på storby-ferie. Det er over 30 år siden eg budde i Oslo. På heimturen fekk eg tid til å reflektere. Her er noe av det eg hadde merka meg:

Mye var forandra. Eg la tydelig merke til det da vi hadde skrive oss ut av hotellet og labba nedover Karl Johan, - før i tida streva folk med koffertar. Nå gjekk alle med ein trillebegg. Eg au.

Operataket. Det andre eg la merke til var operataket. Det var fint.

Svensk kultur  Eg leste Aftenpostens søndagsutgave da eg spiste frokost på hotellet. På side 4 i kulturbilaget var det ein interessant artikkel om svensk skridsko-kultur. Eg har ikkje ant noe om det før. Det var jammen imponerande lesning. I Stockholm er det 100 000 som er aktive skridsko-turløpere! Og aktiviteten er prega av organisering av ypperste svensk klasse. Eg veit kva det betyr. Eg har deltatt noen ganger på 5-dagers orienteringsløp i Sverige. Når 20 000 orienteringsløpere starter - alle med enkeltvis start. Og her skriver Rolf Utberg at skridskoåkning er den mest organiserte friluftslivet i Sverige!

Advarsel!  Før frokost satt eg i hallen og surfa på internett på noen datamaskiner der. Eg leste e-post og sjekka som vanlig Brukarforum i Digitalarkivet. Eg fant mellom anna ut at morfar til Thomine Olivia var fra Lyngdal (og at eg burde vente med å svare til eg fekk sjekka i bygdeboka heime). Vel, vel. Da eg kom heim og sjekka e-posten, såg eg også kvitteringane for internett-bruken min. Eg hadde brukt 160 minutt, og det kosta 480 kr! Advarsel til alle slektsgranskere! Hobbyen koster 3 kr pr minutt på SAS-hotell!

Kart på togreisa - GPS  På togturen savna eg å ha et kart å følge med på. Eg fant ut at eg gjennom mi tid med slektsgransking hadde lært ein del geografi. Men eg klarte ikkje heilt å plassere stasjonane i Telemark i forhold til dei navna på sogn eg hadde vore borte i. Lunde - kor er nå det? Kom vi forbi Solum? Så fant eg hjelpemiddelet i lomma mi. Eg har jo mobil med GPS og kart. Det fungerte bra! Men eg veit ikkje kva det har kosta -

Observasjoner i ein tog-kupe.
1. Snø i hjula på ein trillebegg som blir lempa opp på bagasjehylla. Etter ett minutt drypper det i hodet på passasjerane under.
2. Dørene mellom kupeane åpnes på mystisk vis når du kommer heilt inntil. Over halvparten av passasjerane løfta handa i ein Hitlerhilsen opp mot det raude lyset i taket over døra - og da åpna døra seg. Ein fjerdepart av passasjerane berørte døra lett, eller holdt kofferten inntil. Da åpna døra seg. Og noen få gjorde som konduktøren, med ein diskret liten håndbevegelse nesten inntil døra, så åpna døra seg.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar