søndag 7. februar 2010

O.S.Moi

Det er ny diskusjon om fylkessammenslåing. Da er det interessant å finne fram boka "Bygder og byar på Agder" av O.S.Moi, utgitt på eget forlag i 1975.

OSM er ganske klar:
(side 9) "Fylgjer ein grensa millom Vest- og Aust-Agder frå Lysebu til Randesund so minner denne mykje um ein hoggorm som er stivna til i dødskrampe. Ein meir vetlaus strek finns ikkje på Norgeskartet. Det er i so måte eit meister-stykke å lage ei so ulageleg fylkesgrense."

(side 7) "Mange aust-egder hev ein heller tung åndeleg arv å draga på. Dei kjenner seg liksom i ætt med mannen i den gamle pakt, han som takka Gud for at han ikkje var som andre menneskje. Den mentaliteten tykkjest gjera seg meir gjeldande til lenger aust ein kjem i fylket. Holtingar og Molendingar er likeso rædde vest-egdene som arabarane er for jødane."

 
(side 9) "Eingong for lenge sida var Arendal det store namn på Agder. Byen hadde kongebrev, bygde galeiar og ytte tusund riksdalar til erkefienden Kristiansand. Arendalitterane levde høgt på seglskuter, heldt tråvhestar og tenkte seg Arendal som fornuftens faste midtpunkt på den austlege halvkula. I den tru og tanke var dei ramsalt konservative, og når dei tala, tretta eller polemisera mot ein honndøling, hadde ord og tone liksom ein gudommelig klang. Det var mest som sjølve Vårherre tala frå Tyholmen.

Men som alle veit, gjeng det ein Nemesis gjennom livet, og ein dag kom synda inn yver Arendal, og med syndi kom advokatar til Tromøy og lus i Arendal Venstre. Sidan hev det sakte men sikkert attende gjenge med aristokratiet ved osen av Nidelva."

Så skriver OSM litt om samslakteriet, vegstellet og korleis Agderposten og Venstre rotar det til. Det er likevel von for Arendal:

(side 11) "I mine auge er Arendal ein vakker by, mykje venare enn både Nasaret og Kristiansand. Den siste førekjem meg beint fram som keidsam, med alle sine flate firkantar og intellektuelle blåsebelgar. Arendalitterane er meir åndeleg fargerike enn folki ved Otra-osen. Målføret er meir klangfullt, og so er dei vedunderleg arrogante. Det heiter at ein reinavla arendalitter vert fornærma om han lyt vika for ein lastebil, og han gjeng aldri til sides for ein kristiansander.

Men trass i alle veilor kan det enno verta von for arendalitterane, so sant dei vinn yver den politiske mindremannskjensla, let presitsjegudane fare og tek til å tenkja som egder."

Dette er skrive for 35 år siden. Er det grunn til optimisme?
Ja! I går stemte 29 av 32 delegatar i Aust-Agder Venstre for sammenslåing av fylkespartiene. OSM ville likt dette nye kartet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar