Farfar heitte Hans Hansen, og var sønn til Angel Hansen, seilmaker på Malmø i Mandal. Farmor var fra Skagestad. Dei tre eldste sønnene blei født i Chicago, og fekk tre etternavn, Skagestad Angel Hansen. Seinare forenkla dei det med å bytte etternavn til Storaker, etter garden farfar kjøpte da han hadde tjent penger i USA. - Men korfor blei dei døypt med oldefar sitt fornavn i etternavnet? Det var et spørsmål eg lurte på da eg i 1999 begynte å sysle med slektsforskning.
Mor til Angel var født Johanne Martine Susanne Simonsen. Ho var datter til kjøpmann Peder Simonsen. Det var opplysninger eg hadde fått av mi kusine Elna som hadde vore på Statsarkivet. I boka "En Sørlandsby" av Mogens Bugge leste eg at skipsbygger Gunder Gundersen var gift inn i Simonsen-slekta som visstnok stamma fra Rødberg i Sør-Audnedal. Eg fekk tak i Sør-Audnedal bygdebok og leste om Rødberg: - Peder Simonsen, født 1774 blei i 1805 gift med Margrete Angellsdatter Holst. Aha! Oldefar Angel var oppkalla etter sin oldefar!
Prestenkene på Snig
Da søkte eg i folketellingane på Digitalarkivet, og eg fant familien i FT-1801 på Snig. Skrivemåten var faktisk Magnethe, og mor og mormor var prestenker. Men kor kom dei i fra? Kor hadde Angel Holst vore prest? Det var ikkje i Sør-Audnedal eller nabosogna. Det var ein Holst i Hægebostad, og ein seinare i Mandal, men ingen som var død rett før 1800.
Lorentz Angell Holst
Eg søkte på internett på navna Angel og Holst, og fant ganske mye. Sverre Munthe hadde ei anetavle der navnet Lorentz Angell Holst Simonsen, Mandal, dukka opp. Det var ein sannsynlig bror til t-oldemor. På samme tid leste eg om Halkild Skofteland i bygdeboka og kom over et kjent navn på Nylund Skofteland, borger Peder Simonsen. Der sto det at han var gift med Margrete Lorentzdatter Holst, og hadde barna Lorentz (1809), Severine (1812) og Johanne (1816). Puslebrikkane falt på plass, far til Magnete måtte vere ein prest som heitte Lorentz Angell Holst.
Holst
Eg fekk kontakt med Hogne Holst som hadde både Angell og Holst i anetavlene sine. Eg skreiv og spurde om han kunne plassere min prest. Han svarte at min Holst nok var ei anna Holst-slekt enn dei han hadde oversikt over. Det var 5-6 ulike Holst-slekter i Norge. Dei fleste stamma fra personar som hadde innvandra fra Holstein.
Thomas Angell
Dynastiet var etablert. Lorentz Angell blei rådmann, og fekk etterkvart 17 barn. Sønnene kunne ta over. Albert Angell blei magistratpresident, og sønnen Thomas Angell (1692-1767) blei Trondheims rikaste foretningsmann. Thomas var ungkar, og testamenterte formuen til veldedige formål. I 1672 oppretta han Angells Stiftelser. 1/6 gikk til Thomas Angells stuer, 2/6 til Thomas Angells hus, 1/6 til Weisenhuset og 2/6 til kapitalinvestering. I 1984 var formuen 21,4 millioner (kilde: Store Norske leksikon).
Slekta Angell
Eg søkte gjennom mange slektstavler og folketellinger på internett for å prøve å finne linken til mi slekt. Eg fant Lorentz Lorentzen Angell, Lorentz Eriksen Angell, Lorentz Rasmussen Angell, Lorentz Jonassen Angell og mange fleire. Men eg fant ikkje alle 17 barna til Lorentz den første, og klarte aldri å få noen oversikt. Mange heitte Lorentz, og mange heitte Margrethe. Eg la merke til at det i FT-1801 var mange enker og ugifte kvinner som "nyder maanedspenge af den Angelske Stiftelse". Også ein avskjediga prest fekk sin del. Eg skreiv til noen av dei som forska på slekta i nyhetsgruppa no.fritid.slektsforskning.etterlysning, men dei kunne ikkje hjelpe meg med forbindelse til min prest i Valle.
På statsarkivet
Eg måtte gå tilbake til mine navn. Eg skreiv til noen som hadde arkiv over teologiske kandidater i Norge. Men det kom ikkje noe konkret ut av det. Eg måtte gå til kildene sjøl. Dette var i 1999, før kirkebøkene kom på nettet. Eg kom meg omsider til Statsarkivet i Kristiansand, og bladde i kirkebøkene for Walle sogn (VA). Der fant eg litt om den videre skjebnen til Magnethe på Snig. Mor Petronella og søster Susanna døde begge i 1815. Men eg fant ikkje noe om faren Lorentz. Så, endelig, ved det andre besøket på Statsarkivet fant eg et nytt spor: ei lita bok som viste oversikt over prestar omkring 1790. Der fant eg at Lorentz Angell Holst var prest i Valle, - i Setesdalen!
Problemer med skrifttyding
Da var det bare å slå opp i kirkeboka for Valle, Raabyggelaget. Første side i ministerialboka hadde ein sirlig signatur av Lorentz Angell Holst. I året 1793 var det ei halv side med nekrolog over den avdøde presten. Men der var skribenten gjerrig på papiret. Det var tettskreven og med vanskelige bokstavar. Eg greide omsider å tyde at han var født i Bragernes i 1747 og var sønn til Peter Johan Holst, - og mora tolka eg som Maren Wiell. Eg noterte også at han i 1779 blei gift med Petronella Dorothea Marie Petersen, datter av Frid. Petersen og Margnete Eilersen.
DIS-treff
Nå var eg ovenpå. Eg gjekk heim og sjekka i databasen DIStreff, og fant slektsforskere som hadde både Holst og Angell i Drammens-området. Eg hadde funne "the mising link", faren og fødested til prestemannen min. Nå skulle eg få greie på sammenhengen i slektslinja tilbake til Lorentz Mortensen Angell i Trondheim! Eg skreiv, og venta spent på svar. Desverre! Ingen kunne hjelpe meg. Ingen av dei fekk Lorentz Angell Holst (1747) til å passe med sine navn.
Bomstopp.
Det var nedtur. Eg mista mya av trua på DIStreff og systematisk slektsforskning. Eg prøvde meg med etterlysning på nyhetsgruppa, men kom ikkje lenger der. Eg leita meg gjennom alskens slektstavler på nettet, og eg prøvde meg på mormonerane sin database. Familysearch er et godt søkesystem, og har uhorvelig mange navn. Eg lista ut alle Holst og Angell eg kunne finne. Så prøvde eg å få oversikt over dei med relasjon til Sør-Vestlandet, men det førte ikkje fram. Eg skreiv til presten i Valle (AA), Theis Salvesen, med røtter her ute ved kysten. Eg lurte på om dei hadde informasjon om dei gamle prestane der oppe. Han trudde som ventelig var at eg hadde forveksla dei to Valle menighetane. Men slekta til min Lorentz fant han ikkje.
Redningsmannen
Da eg fekk sommerferie, var eg enda ein gong på arkivet. Eg strevde hardt med å tolke heile teksten i nekrologen fra 1793. Men eg blei ikkje mye klokare. Før eg gjekk, fekk eg tatt ein kopi av sida i kirkeboka, slik at eg kunne studere i ro og mak, og kanskje ta meg et kurs i gotisk skrift samtidig. Så ein dag i juli kom eg i prat med Ådne Fardal Klev. Han er lokal slektsforsker, og brukar meir tid på originalkildene enn på internett. Eg sa eg hadde ein tekst eg strevde med å tolke. Jau, han kunne ta ein kikk på det. Eg kjørte straks heim etter arket og la det fram for han. Han leste rett av arket som om det var ein vanlig avistekst! Eg var mållaus! - Så skreiv han av teksten av for meg i forståelig skrift.
Brudd i slektslinja!
Det gjekk et par dagar før eg pluselig oppfatta poenget i teksten eg hadde fått: - Født på Bragnæs 27.9.1747 for apoteker Peter Johan Holst og hustru Maren Wiell - enke etter Hr. Lorentz Angell, sogneprest. Han ble foreldreløs i sitt 4. år. I 5 år oppdradd av sin morbror Iver Wiell - fogd over Ringerike. Etter hans død kom han til Hr. Christopher Povel Hammer - prest i Jarlsberg grevskap hos hvem han nøt pleie og omsorg i 5 år.
Han var ikkje av Angell-slekt i heile tatt! Han var blitt oppkalt etter mora sin første mann, presten Lorentz Angell. Han fekk et navn etter Angell, men slekta var Holst og Wiell.
Kva er slekt?
Dermed så var eg likevel ikkje i slekt med Morten Pedersen fra Angel i Syd-Slesvig. Da kan eg ikkje søke etter penger i dei Angelske legater, verken for meg sjøl eller barna mine. Eller, - kanskje likevel? Kva er det som lager ei slekt? Er det blodsband, eller er det navnet?
I dette tilfellet er det ein mulighet for at min Lorentz Angell Holst hadde nytte av navnet sitt. Foreldrene døde da han var 4 år, og neste fosterfar døde da gutten var 9 år. Det er mulig at han via navnet Angell fekk økonomisk hjelp i ein slik vanskelig oppvekst.
Lyngdal, den 10 august 2000
Harald Søren Storaker
Etterskrift
Denne teksten er bygd på ein artikkel eg hadde i heftet "Glimt fra Lindesnes" år 2000. Etter den tid er det kommen mange nye gode hjelpemidler på internett. Eg har fått litt meir trening i å lese gammel skrift. Det går stadig an å komme lenger.
Konklusjonen min i 2000 var at det er viktig å undersøke grundig dei nære slektsledda først.
Og så hadde eg noen spørsmål som eg i dag kan se tilbake på:
1. Korfor kom prestenkene til Snig? - eg trur eg har funne ut det. Meir om det seinare.
2. Skipper og borger Peder Simonsen Rødberg, kva slags virksomhet dreiv han? - Eg omtalar han litt i bloggen om etternavnet Dahl, og om Fahslan Dahl.
3. Etterkommere etter Peder Simonsen? - Meir om det seinare.
4. Den foreldrelause Lorentz trengte kanskje ikkje økonomisk hjelp fra huset Angell. Slekta på morsida var også rike. - Meir om det seinare.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar