søndag 2. mai 2010

Den gode læraren

Eg er lærar, og skal til hausten begynne med ein ny førsteklasse. Vi hadde torsdag og fredag førskoledagar. For å presentere meg for dei nye elvane, fortalte eg litt om mine første skoledagar. Eg fortalte også ein fabel, som eg husker læraren min fortalte. Kven er det som er sterkast, vinden eller sola?

Lenka viser fortellinga på Norsk nettskole. Eg fortalte med mine egne ord, med tavletegning, miming og mye innlevelse. Eg husker fortellinga veldig godt. Læraren min må ha fortalt ho mange ganger.
Eg passa på å fortelle i ei økt der foreldrene til dei nye podene var i klasserommet.

Eg huska fortellinga som ei dramatisk fortelling, med ein litt overraskande slutt. Eg husker ikkje læraren vår forklarte noe djupare meining. Han bare fortalte den så ofte at eg forsto den var viktig. Mange år seinare, etter fleire år som lærar sjølv, har det gått opp for meg: - dette var hans programerklæring som lærar, hans pedagogiske grunntanke: varmen er sterkast!

Læraren min heitte Åsulv Vik. Eg hadde han faktisk i 9 år! Han var nyutdanna da han kom til Skeie gamle skolehus. Det måtte vere hausten 1956.  Han hadde småskole (1-3) og storskole (4-7) annankvar dag. Vi skulle egentlig begynne på skolen det året vi fylte 7, men Åsulv lot noen begynne å gå frivillig året før, og da eg fylte 6 tidlig på nyåret 1957, begynte også eg, halvanna år før tida.

Eg husker skoleveien min godt. Det var litt over to kilometer, med mange opplevelser underveis. Eg brukte sikkert bortimot ein time med alle dei "snappvegan" (= omveier) eg gjekk. Sant å seie så husker eg ikkje så veldig mye fra undervisninga. Men fortellinga om vinden og sola, den husker eg!

Nå håper eg at også mine nye elevar vil huske den som ei god fortelling, at foreldrene vil forstå ei djupare meining, og - aller helst, at elevane mine om 20 år vil mimre og forstå - aha, det var det han meinte.
Dette bildet er fra det nye Skeie skolehus i Kvernøyan. Eg sitter midt i klasserommet. Kan det vere skoleåret 1959/60?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar