onsdag 31. mars 2010

Om hermer og risper - og om Ola Garson

Eg voks opp på Skeie i Eiken. Folk der var gode til å fortelle. Dei fortalde hermer og risper.
Ei god herme var sann. Det vil sei at ho skulle kunne vere sann, ho fortalte noe ein navngitt person hadde sagt, og som var karakteristisk for personen eller situasjonen han var i.
Ei rispe var ei historie, kanskje sann, men i alle fall god.

Først vil eg fortelle ei herme fra nabokona vår, Anna i Skjekkeland. Anna var nyfiken, og visste alltid siste nytt om folk i bygda. Ho var giktbroten, og kom seg sjeldan ut av huset. Men ho visste å å spørre ut dei folka som kom på besøk, så ho fekk greie på det ho ville. Ho fortalte til mor mi at ho ein dag fekk besøk av Jon Anker. Han var bare ein gutunge da. Og han svarte villig vekk, gav svar på alt ho spurde om. Mot slutten blei ho reint forstøkt, og spurde om det var sant alt det han fortalte. "Ja," svara han, "Noke e, og noke e'kkje."

Så om Ola Garson.
Han var født 3.3.1880 som Ole, son til Gahr Olsen Skjeie. Han blei konfirmert 1893 som Ole Garsen Skeie. Han skreiv seg som Ole G. Skeie, og han blei kalla Ola Garson.
Ola blir uttalt med åpen o-lyd, omlag "åola".  Og skal ein herme Ola sjøl, må ein legge på ein god nasal stemme.

I FT-1900 var han som så mange andre fra Eiken på "Austlandet" på arbeid. Han var i Tveit, på Boen sagbruk.
For å finne et bilde av Ola fant eg fram boka om Pål Eiken "Utan svik". Der er det mye interessant historikk om det politiske livet i Eiken i mellomkrigstida. Ola Garson var ein av lederane i Arbeiderpartiet, og var med i herredstyret. Eg veit svært lite om han i denne tida.

Huset han kom fra, er i dag borte. Det var ett av dei store tohøgda husa på Skeie, heilt inntil veien. Det har gitt tomt til Sørlandets rehabiliteringssenter og Eiken bu- og omsorgsenter.

Imma
Ola var 53 år da han fridde til Imma (Ingeborg) som var 37. Ola hadde ofte vore fæl til å drikke og ture, så Imma gav han et valg, - enten ho eller brennevinet. Ola valgte Imma, og han holdt løftet sitt.

Gikta
Ola brukte likevel sprit til medisinsk bruk. Han hadde fått et råd om at å smøre heile kroppen inn med sprit virka forebyggande mot gikt. Dette prøvde han. Han smurde kroppen grundig inn. Men han hadde akkurat litt for lite, - og derfor sette gikta seg i storetåa.

Salmer av Brorson
På sine eldre dagar var han ein trufast kirkegjenger. Han likte spesielt godt salmer av H.A. Brorson.  Når det var ei salme under gudtjenesten av Brorson, noterte Ola Garson dette bak i salmeboka si.

Ola hadde vore selger av takskifer
Vi flytta til Eiken i 1954. Eg minnes vi dei første åra pleide å bli invitert på juleselskap til Ola og Imma. Imma prøvde som vertinner skulle på den tida, å overtale dei beskjedne gjestane til å ta rikelig til seg av julematen. Men ho var ikkje fornøyd. "Nå må du nøya, Ola, du e så go'e, du som he vore agent!"

Lik i huset
Imma var 16 år yngre enn Ola, men ho døde før han.  Før begravelsen blei han spurd om han turde sove i huset, mens liket ennå låg der. Han var i tvil, så han sa til hushjelpa:  "Eg tru du Olga må liggja her den fyste notta. Og viss ikkje du naua noke, så kan eg liggja her."

Vask
Olga var flink hushjelp for den gamle enkemannen. Men ein dag kom han og klaga: "Du må vaska bere, for det lukta så ringt!" Og Olga vaska heile huset igjen, så godt ho kunne. Men det hjalp ikkje. Ola var ikkje fornøyd. Då fant Olga ut av det. Ho vaska barten hans, og da blei det reint i huset.

Støvlane som krympa
Som gammal enkemann kom han også ein dag over til butikken og klaga. Søster mi Bodil jobba der som hjelper, og det var til henne han kom. "Eg må ha nye gommistivla. Dessen her e blitt for små!" Men Bodil meinte at det kunne ikkje stemme, gummistøver skulle ikkje krympe. Han måtte ta dei på for å vise. Då såg ho problemet. Neglane hadde grodd, først fram og så langt at dei krulla seg ned og tilbake og trykka mot tærne. Bodil klyppa neglane, og da passa støvlane igjen. Ola var storvegs fornøyd.

Vanskelig betaling
Jon Telhaug på Skeie var ein av eigarane av Eikås sagbruk. Han fekk ein gong ordna slik at ein lastebil sette av et lass med hunved hos Ola. "Det e bare noke haunved", sa Jon. "Du ska få det." Men etter ei stund kom Ola bort til Jon og ville betale for veden. Nei, Jon ville ikkje ha noe for veden, den var gratis. Ola kom enda ei gong og ville betale, men samme svar. Så kom Ola ei gong til, og denne gonga var han alvorlig: "Fer eg ikkje reikning nå, så må eg setta advokat på deg!".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar