mandag 12. april 2010

Internett-venner

Gjennom slektsgransking har eg fått gode venner heile verda rundt. Internett er ein fabelaktig redskap.

27/7 1999 kom eg over denne etterlysinga på internett, på Rootsweb Message Boards, Vest-Agder:

My great grandfather Ole Aanensen Vik brought his wife, Asjer Tormundsdatter Tveden and two children, Marie and Kari, to the Midwestern US (Chicago) around 1893. Marie later married Gabriel Ommundsen, a Norwegian immigrant from perhaps Flekkefjord or Forsund. The Aanensen (later Anderson) family came from Eiken, Vest Agder. Would like to hook up with relatives or anyone with information

Greg Coxson

Greg
Eg kontakta han, og seinare er det blitt mange e-postar att og fram. Først om navn i slekta, om kva ein kan finne i kyrkjebøker og folketellingar, og om geografien i Eiken og Fjotland. Eg kunne sende noen bilder frå Vestre Vik på 60-talet. Det var nemlig ein av dei stadane eg i ungdommen eg hadde fine turminner frå – og fotografier. Seinare blei det e-post om mange andre emner, om 17. mai, om skiterrenget på Kvinesheia, om buss-sjåfør Bryge, om Nils Henrik Abel og mye anna forskjellig.

Vestre Vik og Tveiten
Ole Aanensen var født 1863 på Vestre Vik, av foreldre Ånen Tronsen (1816-1882) og Kari Knutsdotter, f. 1820. Ole var yngst av fleire søsken. Noen av brødrene hans var skreddarar ved folketellinga i 1865.
Asjer var født på Tveiten i 1861, datter av Tormund Tormundsen Tveiten, f. 1826, og Maria Sørensdatter Håberg, f. 1825. Asjer hadde fleire søsken som døde. Ei søster Torborg, født 1854, emigrerte og har etterslekt i Minnesota eller Wisconsin, USA.

Matematiker
Ole og Asjer ankom Chicago i 1893, det året det var verdensutstilling i byen. Ole Ånensen skifta etternamnet til Anderson, og Asjer var eit for vanskelig namn for amerikanerane, så ho blei til Ida. Ungane begynte på skule der, og dei klarte seg bra. Fleire av etterkommerane har god utdanning. Greg sjøl er ingeniør, og er svært interessert i matematikk. Nils Henrik Abel er Norges mest kjente matematiker. Mange har hørt om han. Men Greg kunne fortelle at han har brukt teoriene til Abel i praksis. Han kjente også til matematikeren Caspar Wessel. Vi i Norge kjenner meir til broren, Johan Herman Wessel, rimsmeden.

Fjotland
Greg Coxson si mormor var Alma Emmersen, f. 1905, datter av Marie Andersen (1883-1955) og Gilbert Emmerson, f. 1874. Maria var 10 år då ho emigrerte med familien sin i 1893. I 1905 blei ho gift med ein ny emigrant, Gilbert, elller Gabriel Ommundsen, som kom frå Steintland i Fjotland. Det er ei snau mil å gå over heia frå Steintland til Vestre Vik. Det er slett ikkje umulig at dei kjente til kvarandre frå barndommen. Eg inviterte Greg til å komme til Eiken og gå turen mellom forfedrene sine barndomsheimar, og Greg hadde planar om å prøve vinterstid på ski. Men så blei det uventa familieforøkelse, det kom ein attpåklatt som snudde rundt på planane.

Besøk til Norge
Den eldre generasjonen heldt kontakt med gamlelandet med brevskriving. Søster til Marie, Carrie (1886-1959) var den første til å reise til Norge på besøk. Ho har skrive om turen sin. Den 3. august 1836 kjørte ho med buss frå Farsund klokka 8.30. Klokka 10 ankom dei Lyngdal og bytta til ny buss der tremenningen Magnus Bryge Bryggesåk var sjåfør. Etter to times kjøring kom dei til Lygnevannet, der dalen utvida seg, med dyrka mark og bebyggelse, og etter enda ein halv time kom dei til kyrkja. Dei steig av ved Tveiten, der dei var invitert til JoTveiten, kona Torborg og svigerdattera Anna. Jo var søskenbarn med mora Asjer.
Gregs mor Alma hadde seinare ein tur til Norge med cruise-skipet «United States», og tanta Betty Coxson hadde ein tur på besøk til søster til Gabriel Ommundsen Steintland.
Ingen av denne første generasjonen er i live idag. Marie døde i Chicago i 1955, Carrie i California i 1959. Søstera Carol, f. 1897, døde i San Diego 1967, og Al, som blei født ved ankomst i USA i 1893, døde i 1980. Al Anderson hadde mange forskjellige yrker, han var verktøymaker, sjømann og kokk og enda opp som arkeolog og spesialist på gamle indianske kulturar. Han hadde ein sønn, Georg, født 1930.

Historien om slekta
Georg, som var den einaste etterkommaren i mannslinja, døde av kreft i 2004. Greg hadde kontakt med han på det siste, og lovte å skrive ned noe om slekta sin historie som emigrantar, og bringe det til Eiken. Det er gjort. Greg har skrive ei fortelling om slekta (9 A4 sider), og har lagt ved bilder av Ole og Asjer, barn og barnebarn. «Eiken in America – The Story of Ole and Asjer Anderson». Fortellinga vil eg legge ut i bloggen slik den er på engelsk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar